Kulturkompasset | critics of culture events

HARDANGER MUSIKKFEST – NORWAY



Oslo Philharmonic Orchestre conducted by Jukka Pekka Saraste is performing during the Hardanger Music Fest this spring. Foto: Stian Andersen

HARDANGER: I pinsehelga, snart ti år etter at dei vitja festivalen første gong, er Oslo Filharmoniske Orkester attende på Hardanger Musikkfest. Denne gongen med sjefsdirigent Jukka Pekka Saraste. Norske og utanlandske artistar i verdsklasse trekkjer gjester frå heile verda til Hardangerfjorden sine breidder. For 17. år på rad går av stabelen – frå 24. til 28
. mai – midt i epleblomstringa.
 

Musikkcruise

I pinsehelga seglar cruiseskipet Saga Sapphire inn Hardangerfjorden for at nærare 800 passasjerar skal få med seg Hardanger Musikkfest. Reiarlaget kallar cruiset eit «unikt musikkbasert cruise til Hardanger Musikkfest». Skipet seglar frå Dover til Hardanger i dag og anløper Lofthus 24. mai, Eidfjord 25. mai og Odda 26. mai.

 

Ei spesiell oppleving

Ein fast tradisjon på programmet er den fysisk utfordrande, men utruleg vakre turen,  fire hundre meter rett opp frå Odda til Lilletopp i Tyssedal. I år kan du oppleva skodespelar Helge Jordal , visesongar Lars Klevstrand og folkemusikar Rannveig Djønne frå Ullensvang gå «I rallarens fotspor» på Lilletopp. Saman med Grieg-vandringa, som alltid er populær og ein flott tur med forteljing og musikk gjennom frukthagane, er turen til Lilletopp ei heilt spesiell oppleving.

 

Kjem attende til Hardanger Musikkfest

At musikarane likar seg på Hardanger Musikkfest er det ingen tvil om. Mange har vore her fleire gonger, og dei gjev uttrykk for at dei gjerne vil koma tilbake. Både Simon TrpčeskiTine Thing HelsethIda Bryhn, Wolfgang Plagge og Guro Kleven Hagen har spelt på musikkfesten før. Den svenske stjernecellisten Torleif Thedeen spela her i 2007, sopranen Isa Gericke var med for første gong allereie då festivalen starta for 17 år sidan. VokalensembletNordic Voices var her i 2002 og 2006 og Oslo Filharmoniske orkester vitja festivalen i 2003. I år, snart ti år etter, er dei endeleg attende, denne gongen med sjefsdirigent Jukka Pekka Saraste.

HARDANGER MUSIKKFEST

 

Største og viktigaste årlege kulturhendinga i Hardanger

For 17. år på rad går Hardanger Musikkfest av stabelen – frå 24. til 28. mai – midt i epleblomstringa. Hardanger Musikkfest har gjennom åras løp har etablert seg som den største og viktigaste årlege kulturhendinga i Hardanger, med konsertar både i Ullensvang, Odda og Eidfjord. Her er det duka for ei pinsehelg av dei sjeldne.

 

Vokalensemblet Nordic Voices til kraftstasjonen i Tyssedal
Den norske vokalsekstetten er etterspurde internasjonalt og turnerer Europa, Amerika og Asia, forutan konsertar i Skandinavia

citrate, buy viagra online misinformation).

. No kjem dei til Hardanger for tredje gong. Dei seks medlemmene i ensemblet er kjent for å framføra ei blanding av tidlegmusikk (musikk frå mellomalder og renessanse) og samtidsmusikk.

Nasjonalballetten til Sima Kraftstasjon i Eidfjord

Det er ikkje berre musikk som vil setja sitt preg på bygdene rundt Hardangerfjorden i pinsehelga. Nok ein gong framfører solistar frå Norges einaste klassisk baserte ballettkompani, Nasjonalballetten, høgdepunkt frå klassiske og moderne ballettar i den store fjellhallen Sima Kraftstasjon i Eidfjord.

 

Fakta Hardanger Musikkfest:

  • ·       Starta i 1996 då fiolinist og konsertmeister Stig Nilsson i Oslo Filharmoniske orkester tok med seg sine musikkvener og inviterte til konsert på Hotel Ullensvang. Konsertane vart ein suksess, og Hardanger Musikkfest vart etablert. Det som først berre var eit par konsertar har utvikla seg til å bli ein heil kammermusikkfestival.
  • ·       Kunstnariske leiarar er Stig Nilsson og sonen og fiolinisten Anders Kjellberg Nilsson
  • ·       Hardanger Musikkfest byr på omlag 25 konsertar over fem dagar og eit breitt samansett program av orkestermusikk – kammermusikk – folkemusikk – ballett og lyrikk.
  • ·       Blant årets artistar kan nemnast klavervirtuosen Simon TrpčeskiTine Thing Helseth (trompet), Ida Bryhn (bratsj), Wolfgang Plagge (klaver), Guro Kleven Hagen (fiolin) , Torleif Thedeen (cello), Isa Gericke (sopran) og Oslo Filharmoniske orkester med sjefsdirigent Jukka Pekka Saraste.

 

Tagged as: ,