Kulturkompasset | critics of culture events

Halve Kongerike – Musikal på Det Norske Teatret


Halve Kongerike – Musikal på Det Norske Teatret

ER POLITIKK EIGENTLEG VELDIG ROMANTISK?

FREDAG 4
. SEPTEMBER ER DET URPREMIERE PÅ

HALVE KONGERIKET – NORSK POLITIKK, THE MUSICAL

PÅ HOVUDSCENEN PÅ DET NORSKE TEATRET.

AV ARE KALVØ OG INGRID BJØRNOV

HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

OSLO/NORGE: På Stortinget sit det 169 representantar valde frå 19 fylke. Av desse er det kanskje 20 som er godt kjent for det norske folket
. Med Halve kongeriket kjem Are Kalvø med ei kjærleikserklæring til kvardagspolitikaren som dei aller fleste ikkje kjenner namnet på. Han eller ho som med stort hjarte, mykje idealisme og lange arbeidsveker sørgjer for at vi andre i samfunnet kan ha det så godt som vi har det. At vi kan leve sorglaust, at vi har meiningsfulle dagar og at vi kan bruke fritida vår på å dyrke interesser eller – for den del – romantikken. Og i dette arbeidet spelar Kontroll- og konstitusjonskomiteen ei sentral rolle.

Haakon - og Halve kongerike. Inspirasjonsfoto om den nye musikal med tekst av Are Kalvø, musikk Ingrid Bjørnov, som Marit Moum Aune har satt i scene på Det Norske Teatret, og som hele kongeriket gleder seg til har premiere 4.September kl. 20.00. Foto: Det Norske Teatret.

Haakon – og Halve kongerike. Inspirasjonsfoto om den nye musikal med tekst av Are Kalvø, musikk Ingrid Bjørnov, som Marit Moum Aune har satt i scene på Det Norske Teatret, og som hele kongeriket gleder seg til har premiere 4.September kl. 20.00. Tv. Ola G. Furuseth og Charlotte Frogner, og deretter Ola G. Furuseth i forskjellige andre sammenheng. Foto: Det Norske Teatret.

Ola G. Furuseth og Charlotte Frogner

BRYLLAUPET VI ALDRI GLØYMER

Eit viktig punkt i handlinga er bryllaupet til Haakon og Mette-Marit i august 2001. Korleis er slike storhendingar med på å definere kven vi er og kven vi vil vere? Korleis har denne augustdagen i 2001 dytta samfunnet og oss alle bittelitt framover og gjort oss til bittelitt betre menneske? Musikalen fortel også historia om korleis det norske samfunnet kunne ha utvikla seg om noko heilt anna hadde skjedd den gongen i 2001.

MEIR PLASS TIL KJÆRLEIKEN

Kor tolerante er vi når det kjem til stykket? I Noreg har dei siste ektemakane til tronarvingen vore gjenstand for debatt. Det skulle gå 9 år før Harald fekk gifte seg med Sonja Haraldsen og som med trulovinga mellom kronprins Haakon og Mette-Marit utløyste dette eit ordskifte om monarkiets framtid i Noreg. I dag verkar det så fjernt. Men forandring kjem ikkje av seg sjølv. Kanskje sit det nokon på Stortinget som faktisk har trua på romantikken i politikken og som til sjuande og sist berre ønskjer meir plass til kjærleiken? Kan dette vere Martin Kolberg? Og er vi kommet så langt i dag at vi hadde godtatt kven som helst på slottsbalkongen? Are Kalvø tester toleransen i det norske folket ved å skrive alternative historier om tronarvingens val av livspartnar.

Halve Kongeriket - Kysset 
. Foto: Det Norske Teatret.

Halve Kongeriket – Kysset.  Ola G. Furuseth og Charlotte Frogner

• Recommended: tests of proven value in the little blue pill e.g. making beds,.

. Foto: Det Norske Teatret.

Eit opplagt ensemble glir inn og ut av meir enn 50 roller; som både kjende og mindre kjende politikarar, kongelege og andre kjendisar. Ingrid Bjørnov har komponert musikken og Marit Moum Aune har regien
. Ola G. Furuseth og Charlotte Frogner spiller bl.a. Haakon og Mette Marit.

 

POLITIKK OG KONGELEGE GIFTARMÅL

Lenge var det ikkje ønskeleg at kongar gifte seg med undersåttar, ettersom svigerfamilien då kunne gjere krav på makt og privilegium.
Historikar Trond Norén Isaksen skriv om korleis kongelege ekteskap har vore påverka av politikk, heilt opp til vår tid. Les artikkelen her.http://www.detnorsketeatret.no/dybdeartiklar/kongelege-ekteskap-whats-love-got-to-do-with-it/

Tagged as: , , , , , , , , , ,