Kulturkompasset | critics of culture events

EVITA IN OSLO


Frå fattigjente til glamorøs førstedame

OSLO: I haustens store musikal på Det Norske Teatret får publikum innblikk i ei verd der politikken bokstaveleg talt blir styrt frå senga.

Heidi Gjermundsen Broch som Evita. Foto: Marcel Lelïenhof

Med tangorytmer, dans og den kjende musikken til Andrew Lloyd Webber blir askepotthistoria om Evita Perón fortald med fokus på korleis ein person kan forføre eit heilt folk.

EVITA 
PREMIERE 
5
. SEPTEMBER KL. 20.00 

Eva Perón visste å bruke sin glamour, sine talegåver og elskovskunstar til å utrette det ho ønskte. Ho kom frå landsbygda, men nådde raskt stjernestatus som Argentinas presidentfrue og blei ei av verdas mektigaste kvinner nokon sinne.

Musikalen EVITA er basert på den verkelege historia om korleis Eva Perón gjorde alt for å kaste glans over peronismen, den politiske masserørsla ho og president Juan Perón skapte. Kampen mot fattigdommen, for kvinnerettar og arbeidarane sine kår gjorde henne grenselaust populær. Trass i utilslørt maktbruk, enormt pengeforbruk og ein nasjonal økonomi i ruin blei ho elska og dyrka av folket som ein helgen også etter sin tragiske død, berre 33 år gammal.

 

Heidi Gjermundsen Broch som Evita. Foto: Marcel Lelïenhof

Svein Sturla Hungnes legg i sin regi vekt på myten om Evita, glamouren og det ein kan kalle maktas catwalk

patients, although discontinuation rates are usually sildenafil activity.

. Stjernestatus er drivkrafta. Innhald og engasjement trer i bakgrunnen. Innanfor ein slik kultur har manipulerande krefter fritt spelerom. På denne og andre catwalkar har det gått mange fleire enn Eva Perón. Ingenting tilseier at dei kjem til å slutte å gå der i framtida heller. Blitzlyset regnar, og media elskar det. Evita er ei askepotthistorie der kynismen er drivkrafta.

 

Heidi Gjermundsen Broch legger enda en stor musical rolle til sitt repertoire.

Tagged as: ,